Debatt: – Skam på snyltaren som ikkje vil betala sin skatt


Skam på snyltaren som ikkje vil betala sin skatt til den norske felleskassen.

Frå balkongen på Voss sjukehus hadde innsendaren fin utsikt. – Eg vart stelt med på beste måte, skriv ho.
Publisert Publisert

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

På Voss sjukehus er det godt å vera pasient. Det fekk eg verkeleg erfara rundt pinsehelga i år. Eg vart hofteoperert av kyndige kirurgar som visste kor dei skulle setja kniven. Eg er utruleg takksam for at det på reservedelslageret kunne finnast «nåke so passa fø meg» i form av lårbeinshovud og hofteskål. Det gamle «vondtet» er heilt vekke, og no ser eg fram til å gå med lange steg, ikkje for å spara ei krone, men for «kunsten å gå», slik Odd Nordstoga syng.

For meg som ikkje har opplevd sjukehus frå innsida, bortsett frå mine tre fødslar i 1970-åra, så var dette ei heilt ny oppleving. Med store augo såg eg korleis alt vart tilrettelagt for operasjonen. Ein heil stab stod klar til å ta imot meg, og alle hadde kvar sin funksjon.

Eg vart stelt med på beste måte, og saker og ting som skulle brukast, vart henta frå hyller og skuffer. Der må nokon ha lagt alt på plass, og etterfylt ved behov. Nokon må ha bestilt inn desse varene, og nokon må ha funne opp at dette trengst.

Då Dagny Ygre Herland låg på sjukehuset, vandra tankane mellom anna til Ukraina.

Alt eingongsutstyr, bruk og kast – det hopa seg opp i avfallssekken, kva blir så gjort med avfallet. Kasta? Sortert? Gjenvinning? Ressurssløsing? Plast og eingongsutstyr er visst sikrare, billegare og lettare, og gir mange fordelar.

Så tenkte eg på om alt dette ikkje var eingongs, men skulle leverast til reingjering, kokvask, sterilisering, sortering – med alt av vaskemiddel og kjemikaliar – ville då vinninga gå opp i spinninga? Det ville i så fall vera behov for fleire folk til å utføra dette arbeidet.

Eg låg der på intensiven etter operasjonen og let tankane sviva, medan eg langsamt kjende at eg hadde både underliv og bein.

Tankane gjekk til Ukraina, der kanskje legar på eit sjukehus var i gang med same operasjon. Brått fall ei bombe, og heile veggen rasa ut så sement og støv og glasskår fauk over alt. Eg klarar ikkje å forstå det bestialske krigsovergrepet Putin utfører mot eit uskuldig folk, som berre vil leva i fred med kvarandre.

Eg er utruleg takksam for vårt trygge land og fantastiske helsevesen som lar meg «ligge i grøne enger» – eh, senger, og ha det trygt og godt, og få den beste pleie. Men skam på snyltaren som ikkje vil betala sin skatt til den norske felleskassen, og heller salta ned sin rikdom i skatteparadis. Han blir nok heller ikkje avvist når han treng «ei seng på hospitalet» …

Eg fekk oppleva livet på innsida av sjukehuset, og eg kjende at det rådde ei fin ro over avdelinga. Alle pleiarane var så venlege og hjelpsame, og eg vart vareteken på beste måte. Sjølv om eg visste at dei hadde det veldig travelt i pinsehelga, merka eg ikkje noko til stress og kav.

Eg takkar for ei veldig god oppleving på Voss sjukehus, eg kjenner meg heilt restaurert!

Publisert



Source link

Leave a Comment

x
website average bounce rate